Google Analytics

mandag 4. mars 2013

Brevet fra Seljes ordfører til Fontgombaults abbed

ET GLIMT FRA FONTGOMBAULT: Benediktinermunkene i Fontgombault lever fortsatt etter St. Benedikts motto: "Ora et labora", "Be og arbeid".

Lokalbefolkningen i Selje ønsker at det på nytt skal etableres et kloster på "Selja - den heilage øya ". I februar sendte ordføreren i Selje et nydelig invitasjonsbrev til benediktinerklosteret Fontgombault i Frankrike. Les hele brevet her.


Den 8. februar 2013 sendte Seljes ordfører Ottar Nygård et invitasjonsbrev til abbeden Dom Jean Pateau i Abbaye de Notre-Dame de Fontgombault. Brevet ble sendt i to utgaver: Både på fransk og norsk.

Uthevinger i kursiv er ordførerens, uthevinger i fet skrift er mine. Og HER er brevet:

Grunnlegging av kloster på øya Selja i Selje kommune

SUNNIVASKRINET: 7. september 1070 ble Sunnivaskrinet
overført fra Selja til Bergen. Den 7.9.2011 ble hendelsen
gjenopplevd med stor festivitas i Bergen.
Foto: Ragnhild H. Aadland Høen

Gjennom biskop Bernt Eidsvig Can. Reg. i Oslo Katolske Bispedømme er vi gjort kjent med at klosteret Dykkar i Fontgombault er positivt innstilt til å vurdera grunnlegging av eit kloster på øya Selja i Selje kommune på vestkysten av Noreg. Vi har teke mot denne opplysninga med stor glede.

I Selje er vi stolte over våre lange kyrkjelege tradisjonar, som har utgangspunkt i øya Selja som den eldste, kristne heilagstaden i Noreg.
I året 996 vart martyrstaden for Sankta Sunniva og fylgjet hennar (Seljumennene) oppdaga; irske flyktningar som eit uttrykk for at kristendommen kom til oss frå landa i vest. Ved helgenstaden på Selja vart også det fyrste bispesetet for Vest-Noreg oppretta rundt 1070. Nokre tiår seinare, rundt 1090, etablerte benediktinarordenen dykkar på Selja eit av dei to fyrste klostera i landet. Slik utvikla Selja seg, i hundreåret etter etableringa av helgenstaden, til eit religiøst og kyrkjeorganisatorisk senter i det tidleg kristne Noreg.

NYTT KLOSTER: På østsiden av øya er det mulig å bygge
det nye benediktinerklosteret.
Sankta Sunniva vart Vest-Noreg og byen Bergen sin vernehelgen, med translasjon av helgenskrinet hennar frå Selja til Bergen i 1170. Relikviane av fylgjet til Sunniva vart derimot verande ved martyrstaden på Selja og danna grunnlaget for den vidare kulten også der. I overleverte liturgiske tekstar blir Sunniva kalla patrona bergensiorum og patrona Norvegiae. Kulten rundt Den heilage Sunniva og Seljumennene spreidde seg etter kvart til heile Noreg, til Norden og til Nord-Tyskland. Men det var på Selja det starta. På denne bakgrunnen har den kjende norske katolske forfattaren og nobelprisvinnaren Sigrid Undset kalla helleren over martyrstaden til Sankta Sunniva og Seljumennene for «Norges eldste kirketak». I alle hundreåra framover må benediktinarane ha vore heilt sentrale for utviklinga og drifta av denne martyrstaden på Selja som religiøst pilegrimsmål, ein pilegrimstradisjon som brått vart broten i 1537 ved reformasjonen og innføringa av den lutherske læra i Noreg.

Gjennom arbeidet tidlegare generasjonars ordensbrør av dykk gjorde i gode 400 år, er benediktinarane alt uløyseleg knytte til den heilage øya Selja. Minnet om deira ora et labora møter oss framleis i form av ruinane etter klosteranlegget deira. Desse ruinane er mellom dei aller best bevarte kulturminna vi har frå klosterliv i norsk mellomalder, i eit unikt, urørt og vilt kulturlandskap heilt ute ved havet. I dei siste åra har den norske stat gjennom Riksantikvaren løyvd betydelege summar til konservering og skjøtsel av anlegget.

Det ville vera ei glede og ære for oss om klosteret Dykkar i Fontgombault kunne sende munkar til Selja, slik at denne sentrale staden i norsk kyrkjeliv på nytt kunne bli omslutta av benediktinaranes daglege bøner og arbeid. Benediktinarordenen er ikkje reetablert nokon stad i Noreg etter reformasjonen, slik dei andre store ordenane er det. Selja peikar seg naturleg ut som staden for det fyrste benediktinarklosteret i Noreg etter reformasjonen. Vi er overtydd om at Dykkar kloster med si vekt på dei gamle klostertradisjonane, vil harmonera godt både med både fortid og notid på Selja.

FONTGOMBAULT: Munkene på vei til messefeiring i
benediktinerklosteret i Fontgombault i Frankrike.

Selje kommune opplever at stadig fleire pilegrimar oppsøkjer den heilage øya. 


Pilegrimsvandringar er organisert både frå katolsk hald og i regi av den lutherske norske kyrkja. Som ein del av den norske kyrkja si satsing på ungdom, er det i 2013 planlagt vandringar til Selje spesielt tilrettelagt for 17-åringar. I somarsesongen organiserer kommunen dagleg gaida turar til Selja.

Det er mellom 5 og 10 fastbuande på øya. Innsida av øya ligg om lag 5 minuttars båttur unna Selje sentrum.

Selje kommune er initiativtakar for å få etablert eit Kloster- og pilegrimssenter i Selje. Senteret skal både ta imot det aukande talet pilegrimer og arbeida for å fremja forsking og informasjon om middelalderens kloster i Noreg. Oslo Katolske Bispedømme er representert i interimstyret for Kloster- og pilegrimssenteret. Det var nyleg arrangert historisk seminar med tema kring klosteret og benediktinarane og kurs i gregoriansk song i regi av Klosterakademiet i Selje. Klosterakademiet er eit av tiltaka i det planlagde senteret. Akademiet skal vere ein tverrfagleg møteplass både for lek og lærd. Vi er overtydde om at munkane vil kunne berike både til den generelle pilegrimsaktiviteten, dokumentasjonsarbeidet og klosterakademiet med sin innsikt og kunnskap.

Selje er ein liten kommune med 2850 innbyggjarar, og har dessverre ikkje høve til å gå inn med økonomisk stønad, men vil elles vera medspelar og hjelpa med tilrettelegging på alle vis.
Dette gjeld transport til øya, hjelp til byggjesøknad o.a. Sidan store delar av øya er freda og det elles er private grunneigarar, kan det vera ei utfordring å finna ein høveleg tomt. Kommunen vil gjera sitt ytste for å hjelpa til i den prosessen og tilrettelegga for bygging.

Den lutherske presten i Selje, til liks med lokalkyrkjelyden, vil helsa eit benediktinarkloster på Selja med stor glede og takksemd.

Om vi i Selje kommune skulle bli vertskommune for det fyrste norske benediktinarklosteret i nyare tid, vil vi sjå det som ei stor ære og samstundes som ei naturleg vidareføring av den utviklinga vi har vore vitne til dei siste åra, der ruinane rister av seg støvet og vinn tilbake til sin gamle status som levande heilagstad. 


MED NORGES VAKRESTE KOMMUNEVÅPEN:
Han kaller dem tilbake. Hun kaller dem tilbake.

Med vyrdsam helsing

Ottar Nygård
Ordførar



SITAT FRA BREVET: "Gjennom arbeidet tidlegare generasjonars ordensbrør av dykk gjorde i gode 400 år, er benediktinarane alt uløyseleg knytte til den heilage øya Selja. Minnet om deira ora et labora møter oss framleis i form av ruinane etter klosteranlegget deira. Desse ruinane er mellom dei aller best bevarte kulturminna vi har frå klosterliv i norsk mellomalder, i eit unikt, urørt og vilt kulturlandskap heilt ute ved havet." (Ordfører Ottar Nygård)
Foto: Ragnhild H. Aadland Høen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar