Besten og eg. Foto: Marit Eitrheim Aadland, 17. mai 1997 |
I dag er det 111 år sidan Besten min, Tormod Eitrheim, blei fødd! Han var 2,5 år gammal då den første verdskrigen braut ut, og 33 år då den andre verdskrigen var over. Her er me saman i Odda i førre årtusen.
Eg er stolt av røtene mine i Hardanger, og av Besten; målmannen, gardisten, felespelaren, eventyrforteljaren, skyttaren, fjellelskaren, gymnaslæraren og stadnamnforskaren som drog til Universitetet i Oslo og studerte språk lenge før Lånekassen fanst - og som aldri heldt opp med å fryde seg over å gje mat til småfuglane i hagen 🌿
Requiescat in pace! Kvil i fred, Besten ❤️
Besten og mormor sin gravstein på kyrkjegarden i Odda. På steinen står det: Tormod K. Eitrheim. Fødd 31.10.1911. Død 20.7.1999. Ragnhild Eitrheim. Fødd 6.11.1914. Død 18.2.2000. Foto: Ragnhild H. Aadland Høen |
Det renn forresten solid politikarblod i meg frå morfaren min. Det var oldefar min Kristofer Eitrheim (far til Tormod) som stifta og var første leiar av Venstre i Odda. Men KrF-blodet er nyare: Far min var folkevald i bystyret for KrF i Haugesund.
Eg er veldig glad i Besten. Nokre år etter at han var død, kom fetteren hans frå Amerika på besøk. Dei likna så ekstremt på kvarandre at det var først då eg skjønte kor mykje eg saknar han. Tårene berre spratt i augene på meg ved synet av «Besten» - men så var det jo ikkje han. Men - èin dag skal me sjå kvarandre igjen.
🎶 "Når jeg blant englers kor en gang
min Jesus skue får,
da synger jeg min seierssang
borttørrer sorgens sår.
Hvor det skal bli salig - salig - ja, salig,
hvor det skal bli salig
at få vandre hånd i hånd,
at få vandre hånd i hånd på Kanaans lyse strand.
Vi møtes der hos Jesus kjær
skilles aldri der som her." 🎶
Melodi: Folketone fra Møre og Romsdal.
Tekst: Ukjend av menneske, kjend av Gud
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Velkommen til å kommentere her! Kommentarmoderasjon er kun slått på for bloggposter som er eldre enn 7 dager. Alle andre kommentarer blir publisert umiddelbart.