Mandag 10. juni 2013, på dagen ett år etter fr. Arnfinn Harams bortgang, ble det arrangert minnevandring til stedet der han døde i Nordmarka.
ETT ÅR ETTER: Slik så det ut på graven mandag 10. juni 2013. Foto: Øivind Østang |
Bildene viser glimt fra en vakker kveldstime, "signa med sol, signing og fred".
Arnfinns medbror, p. Haavar Simon, skriver:
"På eitårsdagen for Arnfinn sin dødsdag arrangerte Sindre Bostad og underteikna ei minnevandring frå Damtjern opp til staden der Arnfinn døydde. Dei 2,5 kilometrane opp dit vart fylde med salmesong og rosenkransbøn, og vel framme hadde me ei kort sakramentstilbeding før vesper og endeleg De Profundis, salme 130 som me ber for dei avdøde. Det vart ei verdig og fredfull vandring for og med Arnfinn.
For i Kristus er me alle eitt, og det er denne einskapen som gjer det mogleg å be for kvarandre på tross av dauden som skil oss. Kan hende er minnevandring misvisande i så måte. Ei god venninne av meg framheva dette, at å minnast kan oppfattast på forskjellige måtar: enten noko som rører ved fortid, som eit minne, noko ein kanskje ofte vil tenkje i ein kultur prega av vår luthersk trusarv. Men minne i katolsk tradisjon handlar om nærver mykje meir enn berre fortid. Me vert minna på at me ikkje er bunde av dødens band, men lever i eit fellesskap gjeven oss ved Kristi offer og Guds nåde. Dette får konkret uttrykk når me ber for kvarandre på tross av daudens grense.
Med trua på livet i Kristus la me difor ut på ei vandring der me ba for Arnfinn, men der me også delte bøna med Arnfinn som sjølv var ein mann med bøna som sjølve senterpunktet i livet."
MINNESTEDET: Korset har stått der siden i fjor. Foto: Øivind Østang |
TILBEDELSE: Tilbedelse av Herren Jesus Kristus som er virkelig til
stede i Det Allerhelligste Sakrament (nattverdsbrødet som står fremme i
monstransen på alteret). Foto: Øivind Østang |
MANGE FREMMØTTE: Etter vesper og den sakramentale tilbedelsen fikk alle deltakerne kaffe og kaker før de dro hjem til sitt og sine. Foto: Øivind Østang |
"De helliges samfunn" med bror Arnfinn
Bror Haavar Simon skriver: "Medan me tilba Kristus i sakramentet sto det med eit så klårt fram korleis Kristus er bindeleddet mellom oss alle, anten me lever eller døyr. Me knela alle på eine sida av sakramentet, medan Arnfinn på bilete såg i mot oss, smilande og fri. Det vart eit sterkt bilete på den sanninga me bekjenner oss til som truande, og ei signing i denne kveldstimen."
Stor takk til Øivind Østang, Helge Solberg og bror Haavar Simon for velvillig tillatelse til bruk av bildene.
LES MER:
- Les bror Haavar Simon Nilsens bloggartikkel fra minnevandringen her
- For flere saker om fr. Arnfinn Haram her på Sta. Sunniva-bloggen, gå til denne artikkelen med mange lenker: "Arven etter Arnfinn Haram"
Takk for at du la ut dette.
SvarSlettYnskjer deg ei god helg.
Marieklem
Takk for det, Marie! Ønsker deg en riktig god helg!
SvarSlett