Google Analytics

onsdag 29. mars 2017

Poetica | Selja

SELJA: "aldri åleine den lange vegen heim"
Foto: Ragnhild H. Aadland Høen, 8. september 2012

Legkarmelitten og kardiologen Frode Thorup har skrive ein fantastisk flott tekst om Selja som han har gitt meg lov til å dele her på bloggen til Sta. Sunniva av Selja.


Frode Thorup er altså kardiolog til dagleg, det vil seie at han er ein lege som er hjartespesialist. Som legkarmelitt frå vakre Rosendal er nok Frode òg spesialist på hjartet i overført tyding. Les berre denne nydelege teksten hans som òg ligg ute på hans eigen blogg.

Spesielt i dei siste ni linjene treff hjartespesialisten meg langt inn i hjartet:

Selja


Ikkje vindkast og uroleg sjø mot Stadt

men havet krystallklårt og speglande

som ei flate vi kunne stiga ut på

gje oss på vandring mot horisonten

og gå dei i møte dei som kom over Nordsjøen

for over tusen år sidan

bore fram av trua og bølgjene

Den heilage Sunniva og Seljumennene

steig i land og vart verande

næra av vona og nåden

himmelen vida seg ut over dei

og over stormen, havet og fjella

heilt til det uskapte ljoset

braut igjennom og viste veg

for alle dei som kom etter

over havet eller langs ulendte stiar

for å æra skrinet med Sunnivas lekam

det som bar i fem hundre år

for så å dekkast med gløymsle

i fem hundre nye år

berre ein og annan vandringsmann

kom her i kuling eller solgylt sommardag

drakk av kjelda og det var nok

men så ein dag skulle det uskapte ljoset

på ny bryta igjennom og visa veg

til mysteriet så nært så levande

at vi berre kunne strekkja ut handa

og verta møtt av gjennombora hender

frå den andre sida

som eit forsiktig kjærteikn

som ein lovnad som ber gjennom natt og einsemd

aldri åleine den lange vegen heim.
Av Frode Thorup

LES OGSÅ

Les gjerne også Frode sin første bloggpost frå valfarten til Selja, den er veldig fin.
Eg kan generelt anbefale bloggen til Frode, det er ein verkeleg flott, katolsk blogg.

For å bli med ein tur til Selja her på Sta. Sunniva-bloggen, kan du ta ein kikk på "- Det regner velsignelse på Selja" - ein reportasje eg skreiv i 2012 for St. Olav Kyrkjeblad etter Seljumannamesse-valfarten.

2 kommentarer:

  1. Det var en liten en jordskjelv på Selja for ikke lenger siden. Jeg fantaser at Sunniva svarer på spørsmålet om Benediktene vil tilbake der en gang i fremtiden!?!
    Jeg begynner å ha respekt for mysterium fra Sunniva og kanskje jeg går rundt rundt Domkirke i Bergen istedet å gå med stokken på tomten på Selja, eller hjerne vandring er best!
    Forresten, i motsetning til Sunniva, er jeg uekte norsk og har en nederlansk nonne som gudmor da jeg konvertert til katolisismen i Bergen. Litt senere, er jeg gift med en Viking som er prestsønn i Den Norsk Statskirke og vi har en katolsk sønn men han går ikke i kirken siden han blir voksen.

    SvarSlett
  2. Sta. Sunniva er en fin helgen å identifisere seg med for alle Norges katolske innvandrere. Selv om hun er en "norsk helgen" så var Sta. Sunniva og følget hennes (Seljumennene) faktisk katolske innvandrere som kom til Norge fra et annet land for å bringe oss evangeliet.

    I våre dager har Gud begynt å bruke den samme strategien igjen. Takket være katolske flyktninger og arbeidsinnvandrere øker Den katolske kirkes tilstedeværelse ikke bare i byene, men over hele landet. Sta. Sunniva og Seljumennene er rett og slett de perfekte helgenene for vår tid i Norge!

    SvarSlett