Google Analytics

01 januar 2018

Nyttår | Eit nyttårsdikt av fr. Arnfinn Haram



NYTTÅR


Eit nytt år
la seg over det gamle

eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud

det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta

la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord

Fader Arnfinn Haram, O.P. (1948-2012)
frå diktsamlinga Babylonsk harpe


Velkommen, Anno Domini 2018. Det Herrens år 2018.
2018 år etter Kristi fødsel, han som kom og flerra heile vår tidsregning i to - i eit før og eit etter.
Må det bli eet år med velsignelse og fred.


Alle foto: Ragnhild H. Aadland Høen, på Tjuvholmen 31.12.2017


Her kan du lese fire av fr. Arnfinn Harams dikt som eg har delt tidlegare her på bloggen:


    Les også:



    Denne midnattsvakne, begeistra søskenflokken   kan du høyre juble over det spektakulære fyrverkeriet i Oslo i videoen under her 👇🏻👆🏻



    Glitreade nysnø
    og glitreade fyrverkeri
    som daler ned
    som ung nåde over gammal jord.

    Med ønske om eit godt nytt år til alle bloggens lesarar!

    2 kommentarer:

    1. Velsignet godt nytt år til deg også!! Gleder meg til å lese hva du kommer til å dele på denne fine bloggen din i 2018! For en som er nysgjerrig på å lære om katolsk tro, er bloggen din noe av det beste på norsk på nett.

      SvarSlett
      Svar
      1. Tusen takk for gode ord og gode ønsker, Elin! Skal gjøre mitt beste for å få skrevet så ofte jeg kan på bloggen i 2018 også :)

        Slett

    Velkommen til å kommentere her! Kommentarmoderasjon er kun slått på for bloggposter som er eldre enn 7 dager. Alle andre kommentarer blir publisert umiddelbart.