Google Analytics

lørdag 20. januar 2018

Poetica | I ein augneblink

Nydelig.
"Når hans kjærleik går som lysande band
gjennom himmelrommet"

Foto: David Phan/Flickr Creative Commons


I EIN AUGNEBLINK

I ein augneblink
i ein liten del av eit sekund
når mi svakheit møter styrke
når mi avmakt møter allmakt
akkurat då
mi fortid møter framtid
mitt mismot møter håp
min kulde møter varme
i ein augneblink
når alle ting står stille
når stjerner og planetar stopper opp
når hans kjærleik går som lysande band
gjennom himmelrommet
i den delen av eit sekund
då mitt stille rop om hjelp
møter hans hjarte.

Sigmund Akselvoll

(Publisert her på bloggen med forfatterens tillatelse. Første gang publisert her 31. januar 2017.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar