Google Analytics

21 november 2016

Bli med på Mariavake med Odd Nordstoga


Eg gler meg til å oppleve Mariavake med Odd Nordstoga og Stein Versto onsdag 7. desember kl. 19.00.


Den 7. desember, under vaka for Mariafesten den 8. desember, inviterer Sankt Dominikus kloster til Mariavake - ein konsert med diktlesing, stev, sang og vakker feleklang i klosterkyrkja.

Odd Nordstoga syng kjente tonar frå Vest-Telemark, Stein Versto les eigne dikt og Benedicte Maurseth fyller kyrkjeromet med feleklang og overtonar, medan Anne Margaret Nilsen framfører gamle Mariastev til vakkert tonefylgje,

"Jomfru Maria har ein sentral plass både i folkemusikken og i kyrkja si tru. Dei mange stevtonane frå mellomalderen er som ein atterklang av dei gregorianske hymnene som har fylt kyrkjeromet med bøn og lovprising opp gjennom hundreåra. Båe uttrykk speglar kyrkja sitt djupe åndelege liv – åndeleg røyndom som held fram med å utfalde seg, i stadig nye former og uttrykk, som levande tru, som levande kjærleik", skriv klosteret på si heimeside.

Eg ser fram til ein stemningsfull kveld der ord og tonar frå gamal og ny tid møtest!


Sankt Dominikus kloster ligg på Majorstua i Oslo. Sjå kart.

Dørene opnar kl. 18.30. Konserten starter kl. 19.00 og varer i 80 minutt (utan pause). Overskotet av konserten går til fornying og vedlikehald av klosteranlegget. Billetten koster kr 250 og du får kjøpt den her hos Ticketmaster. Klosterkyrkja er ikkje stor, så skund deg å sikre deg billett før det blir utseld!





Maria hun er en jomfu ren


Odd Nordstoga syng folketonen "Maria hun er en jomfru ren" så det lyser på CD-en "Strålande jul". I eit glitrande intervju gjort av bror Haavar Simon Nilsen snakkar dei to om denne sangen.


Bror Haavar: - Når du til dømes syng folketonen «Maria hun er en jomfru ren», og andre liknande låtar, då dreg du oss med utover oss sjølv. Kva tankar gjer du deg om det?

Odd Nordstoga: – Akkurat det gjer eg sjølv òg, dreg meg utover meg sjølv. Av ein eller annan grunn bit dette veldig på meg. Skal me sjå … Korleis var det verset att?
Maria hun er en jomfru ren,
Gud monne sin miskunn vise,
hun fødte en sønn foruten mén,
ham skal vi love og prise;
han har oss alle av synden løst,
han give oss trøst,
og himmeriks evige lise.
– Eg prøvar å fylgje teksten og melodien, og den vegen teksten peikar. Når eg står på scenen og skal framføre ein song, ja, så må eg liksom gje meg over til musikken, og la han føre meg dit han vil. Om det tekstlege innhaldet er for svakt, blir det vanskeleg, men når ord og tone kling godt saman, om det er god botn og det byrjar å gje resonans i meg: Det er då det verkeleg fossar over scenekanten.

Heile intervjuet er glitrande godt. Det stod på trykk i Syn og Segn i fjor. Les heile samtalen (gratis) her. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Velkommen til å kommentere her! Kommentarmoderasjon er kun slått på for bloggposter som er eldre enn 7 dager. Alle andre kommentarer blir publisert umiddelbart.