Google Analytics

tirsdag 17. juli 2012

Homiletica av fr. Arnfinn Haram: Lætare, 4. sundag i faste, 3. april 2011, St. Paul kyrkje i Bergen, Joh 9

Dominikanarmunken p. Arnfinn Haram var elska av alle, spesielt dei unge. Her er han avbilda på den økumeniske misjonskonferansen Called i Bergen i april 2011, same helga som han heldt preika i St. Paul kyrkje.
Foto: Ragnhild H. Aadland Høen

Eg fann ein skatt i dag: Ei preike av fr. Arnfinn Haram som han gløymde å publisere på bloggen sin. Les heile den tidlegare upubliserte preika her.


Fr. Arnfinn Haram O. P. (1948-2012) var alltid i farta, full av virkelyst for Guds rike - i heile Noregs rike. Den fyrste helga i april 2011 var han hovudtalar på Called, ei økumenisk misjonshelg for unge med fokus på reevangeliseringa av Europa. Talen han heldt på Called i Bergen finst det dessverre ikkje noko manus til. (Han tala inspirert og inspirerande for fleire hundre unge i alderen 13-30 år i 25 minutter ut frå nokre punkter han hadde skrive ned.) Same helg heldt han imidlertid preika i St. Paul kyrkje, og - takk Gud - han lånte pcen min for skrive ut manuset sitt. Voilà, nåde over nåde, der hadde eg manuset på pcen min. Her kjem dermed orda hans, direkte til deg - frå hans hjarte til ditt hjarte, qor ad qor loquitur:

Kjære brør og systre!

Den fjerde sundagen i faste som vi feirar no, har tilnamnet Lætare, etter innleiingsorda i Introitus/inngangsversa i messa: ”Lætare, Ierusalem/Gled deg, Jerusalem... fryd dere storlig, alle som var sorgfulle.”

Midt i fastetida, blir vi minna om den festen vi ser fram mot, Påska! Opprinneleg var fastetida innspurten av det oldkyrkjelege katekumenatet; katekumenanane forberedte seg til å bli døypte, nettopp i Påska, under Påskevigilien. Fastetida var ein forberedelse til dåpen. Dåpen blei kalla Opplysinga og dei nydøypte Neofyttar, dei nyopplyste. Lyset – det er i bibelsk symbolikk nettopp Guds skaparlys, han som sa: - Fiat Lux! Det bli lys! Dåpen er ei nyskaping, ei nyskaping av mennesket. Og det er dette vi høyrer om i evangeliet i dag; om Jesus som leger den blindfødde; han gav han synet, lyset, ja, livet tilbake! Den blindfødde som får synet i gjen, får del i nyskapinga av mennesket.

At han får sitt legemlege syn tilbake, er eit teikn på den dagen då Gud skal nyskape alt og verkeleg ta bort alle våre sjukdomar, når alle ting blir nye! Men underet er også eit teikn på det indre planet. Hos evangelisten Johannes blir Jesu under nettopp kalla teikn, dei er glimt av noko som skal kome, dei er teikn på ein åndeleg realitet – at mennesket ikkje berre skal bli fysisk helbreda, men i heile sin person, i djupet av sitt vesen. Det er det som skjer med denne mannen; han blir eit nytt menneske, han kjem til tru på Jesus som Messias! Han ser klart kva alt dreiar seg om!

Glimt fra Called-kvelden der p. Arnfinn Haram talte:
"Heal my heart and make it clean.
Open up my eyes to the things unseen.
Show me how to love like you have loved me."
Og dominikanermunken sang med.

Den som kan sjå, kan forstå. Syn betyr innsikt, klarsyn. Den blinde som får synet igjen ser Jesus, ser Messias, ser Gud – og han ser sitt liv i Guds plan, med Guds blikk – og han trur! Hans vedkjenning/bekjennelse er tydeleg: ”Jeg tror, Herre!” I hans liv skjedde det ei forvandling frå utydeleg forventing til tydeleg og glad tru!

Kjære brør og systre! Dette er eit kall til oss katolske kristne i dag. Vi treng ei indre fornying. Vi treng å få eit klarare blikk, så vi ser kva vi trur, så vi ser kven vi trur på. Vi må ut av alt det omtrentelege. Det er lett å bli ein omtrenteleg kristen – i eit samfunn der vi skal ha med oss alt og vere til lags med alle.

Vi må skulere oss i trua. Vi treng undervising, i Bibelen, i katekisma, i bøna, i det kristne livet. Vi treng kanskje samtalegrupper der vi kan sette ord på våre spørsmål og saman prøve å kome vidare.

Vi må ta stilling; folk i dag, folk vi møter ute i samfunnet, har spørsmål. Vi må kunne svare. Du er døypt og ferma – ja, opplyst – til å vere prest, profet og konge, til å vere ein Jesu Kristi apostel. Vi må kunne gi råd og vegleiing til menneske som vil vite meir om kva det vil seie å vere kristen, å vere ein katolsk kristen. Vi må kunne hjelpe dei til å ta dei fyrste stega.

Vi må sjølve kome nærare Gud. Vi treng eit nytt grep på vårt eige liv. Ting vi skal skrifte, legge bak oss – for at vi skal kome vidare, ikkje stagnere.

Vi treng eit nytt møte med Kristus. ”Tror du på Menneskesønnen?” spurte Jesus han som hadde fått igjen synet. ”Herre, da må du si meg hvem han er!” svarte mannen. ”Du har alt sett ham”, sa Jesus: "Det er han som taler med deg!”... Bror og syster: Du har alt sett han – i kyrkja, i messa, i Ordet, i skriftestolen, i Tabernaklet. I dag skal du seie: - Ja, Herre, du er verkeleg mitt liv, min Herre, min Gud! Eller med evangeliets ord: "Jeg tror, Herre!" Eg vil falle ned, eg vil hylle deg!

Ein verkeleg gledesundag midt i fasten, ein verkeleg Sundag Lætare, blir det når vi får sjå Guds lys midt i vårt mørke, når vi ser kva det dreiar seg om. Difor seier Skrifta til oss i dag, som vi høyrde:

”Våkn opp, du som sover, stå opp fra de døde – så skal Kristus lyse for deg!” 

Av fader Arnfinn Haram O.P. (1948-2012) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar